– Desse små har hatt ein så tøff start at dei fortener å sjå
Liv-Tone Ulstein Brunstad og Anette Iren Myklebust Haram samlar inn pengar til eit netthinnekamera for å takka noenatalavdelinga i Ålesund.
1 / 4
Kvikk krabat: Liv-Tone Ulstein Brunstad med sonen Kristian. Han er i dag ein kvikk krabat, men vegen dit har vore lang. Ho har kjempa hardt for å ikkje miste guten. – Ingen andre foreldre fortener å sjå at lunga til barnet sitt kollapsar. Eg er ferdig på neotalavdelinga, men eg veit det kjem folk etter oss. Difor samlar eg inn pengar til ei maskin som vil hjelpe mange.