29. juli blir Sjøgata, som skal bli Ulsteinvik sentrum si miljøgate, stengd for trafikk. Etter veker med kamp mot at Saunesvegen skulle bli omkøyringsveg, måtte Herleiv Saunes og oppsitjarane til slutt gje tapt. No kvir dei seg.

– Håplaust

– Eg har ikkje skifta meining i denne saka. Det er håplaust at Saunesvegen skal nyttast som omkøyringsveg. Her skal store vogntog passere kvarandre på ein 5,5 meter brei veg. Til saman skal 7.000 bilar passere i løpet av eit døgn, seier Saunes oppgitt.

Saunes trur ikkje det blir mogleg å bu langs Saunesvegen i perioden den skal fungere som omkøyringsveg.

– For min eigen del har eg soverom mot Saunesvegen. Det er berre 10 meter frå vegskuldra til husveggen. Med all denne trafikken blir det umogleg å sove verken om dagen eller natta. Alt av ventilar og ventilasjon må stoggast slik at eg ikkje får huset fylt av støv. Eg har vurdert å emigrere, slår Saunes fast.

I eitt år skal Saunesvegen vere innfartsveg til Ulsteinvik sentrum. Saunes har difor vurdert å bu eit år i Spania – eventuelt ta ein pause frå trafikkaoset på eit hytte i Stryn.

– Det blir uleveleg for oss som bur her. Det einaste vi kan gjere no, er å følgje med og sjå korleis dette vil gå, avsluttar Saunes.