I oktober 2014 er det 2794 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,0 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 3,9 prosent samanlikna med same månad i fjor.

I oktober 2014 har vi 445 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 244 færre enn i oktober 2013. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 239 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 1,9 prosent for kvinner og 2,1 prosent for menn.

I landet er det 72 114 heilt ledige. Dette er 2,7 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 6,0 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Lokale tal

I Ulstein kommune er arbeidsløysa på 1,6 prosent. I Hareid kommune er ho på 2,5 prosent. Herøy kommune har ei arbeidsløyse på 1,8 prosent. Kommunane Sande og Volda har den lågaste arbeidsløysa i regionen med 1,5 prosent. Ørsta kommune har ei arbeidsløyse på 2,0 prosent.