Det har ikkje vore den veldig utviklinga mellom mars og april på eigedomsmarknaden. Faktisk hadde ein akkurat like mange eigedomstransaksjonar totalt i Herøy, Sande, Ulstein og Hareid i det to månadane med 62 i både mars og april.

Men i kommunane er det nokre endringar. I mars var det fleire eigedomar som skifta eigar i Hareid enn i Ulstein, men i april var ein tilbake til "normalen". I Hareid er det registrert ni eigedomstransaksjonar for april, medan talet er 17 i Ulstein. Ein klar nedgang i Hareid, medan det er stabilt i Ulstein.

Les også: - Tidene har blitt betre

På topp ruvar framleis Herøy, som dei har gjort i heile år. Frå mars til april gjekk talet på omsette eigedomar opp frå 21 til 27. Også i Sande gjekk ein opp, frå seks til ni.

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.