Rundt midnatt, natt til måndag, vart småbåthamna i Ulsteinvik lyst opp av flammar. Det var ein Daycruisar på mellom 20-25 fot som hadde tatt fyr.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent.

Ulstein brannvern kom raskt til staden, og fekk sløkt elden.

Men i følgje kjelder som har sett tilstanden, verkar båten temmeleg skadd.

- Vi køyrde tilfeldigvis forbi Shell i Ulsteinvik då vi oppdaga flammane. Då var brannvesenet i ferd med å få sløkt brannen, men slik det såg ut for oss, verka båten temmeleg skadd. Overbygget var i alle fall heilt utbrent, fortel vitnet.