Dei siste dagane har det vore temmeleg vinterleg vêr på Sunnmøre, sjølv om april er i ferd med å gå over i mai. Lave temperaturar og snø fleire dagar har gitt visse utfordringar, både for fotballkampar og TV-innspelingar.

Men no ser det ut til at det vinterlege vêret har gjort sitt for denne gong. Ifølgje Yr.no er ein i ferd med å gå inn i ein periode der ein kan vente høgare temperaturar og mykje sol.

Det vil framleis vere nokolunde kjølig nattestid, men frå sundag og utover i den komande veka er det venta dagtemperaturar på godt over ti grader.

Torsdag skin sola frå nærast skyfri himmel over Hareidlandet, og dette ser ut til å vare. I ei heil veke framover melder meteorologane om lettskya eller pent vêr på våre kantar.

Det kan kanskje få folk til å freiste ein siste skitur i fjellet. Det har kome ein del snø i fjellet, og dette har ført til at skredfaren for tida er betydeleg. Ifølgje Varsom.no har det kome meir nysnø enn venta på Sunnmøre og det kan vere problem med nysnøflak i leområde i høgda, samt våte skred i bratt terreng.

Det ser lovande ut på langtidsvarselet for Hareidlandet.