Ei gruppe 8.-klassingar ved Ulstein ungdomsskule har dette skuleåret vore med på «Innsats for andre», og har utført ulike oppdrag. No vil dei avslutte med å samle inn pengar til eit godt prosjekt. Etter å ha vurdert ulike tiltak bestemte elevane fort at dei ville gjere ein innsats for kreftsjuke barn og unge, knytt til sjukehuset i Ålesund.

- Noko anna å tenke på

– Barn og unge som er kreftsjuke har det ikkje like bra som oss. Vi vil at dei skal få oppleve noko kjekt medan dei er på sjukehus. Kanskje kan det føre til at dei får noko anna å tenke på, seier elevane i prosjektgruppa.

Dei har sjølve teke kontakt med koordinator og gjort avtalar om bøsser og framgangsmåte.

– Vi har fått tilsendt 45 innsamlingsbøsser, og nesten 60 elevar er klare til å gå ei eller fleire roder i Ulstein kommune i neste veke, opplyser læraren for 8.-klassingane, Evy Hide Vattøy.

- Ha kontantane klare

Bøssene er nummererte og har merkelappar, slik at dei som gir skal vere sikre på at pengane går til rette føremålet.

– I tillegg til å gå med bøsser skal prosjektgruppa også rigge seg til med sal av kaker og kaffi laurdagen under Smak av Ulstein.

Målet deira er å samle inn til saman 25.000 kroner.

– Så i neste veke er det viktig at folk har kontantar klare når vi kjem på dørene, smiler ei av jentene i prosjektgruppa.

– Og Sparebanken Møre Ulsteinvik har sagt ja til å telje pengane som kjem inn, fortel den entusiastiske gjengen.