foto
Fjellfolk: I går torsdag var det premieutdeling for dei som har vore med på Hareid IL sin fjelltrim dette året. Opp gjennom åra har over tusen personar delteke i denne fjelltrimmen, som i år har 30-årsjubileum. Også Hødd sin fjelltrim, der turgåarane får poeng for toppar dei har bestige, har fått mange folk ut på tur, og det same har Haddal IL sin fjelltrim. Gjengen på dette bildet er familien Holstad/Warholm. I 1986 vart dei foreviga av lokalavisa då dei starta på eit av Hødd sine trimarrangement – frå Låbakken på Flø til Brørevatnet. Det vesle barnet i beremeisa er Svenn-Erik Warholm, som var fødd 6. februar same året, så han var ikkje gamle guten då pappa Helge bar han oppetter fjellsida. Mor Arnhild Holstad Warholm står heilt til høgre, og foreldra hennar, Anne Marie og Skjalg Magnus Holstad, er også klare for tur til Brørevatnet. Anne-Marie (fødd i 1937) er forresten registrert med fem sesongar i Hareid IL sin fjelltrim, men heile familien er glad i å gå i fjellet. Helge Warholm er frå Ulsteinvik, men er busett i Grimstadgeilane saman med kona Arnhild. Skjalg Magnus og Anne-Marie bur på Rima på Hareid, og vesleguten i beremeisa har for lengst flytta ut or reiret. Svenn-Erik Warholm er i dag busett i Oslo, men likar framleis å ferdast i skog, mark og fjell. ANNE GRY EILERTSEN

Fjellfolk