– Ein vekst på 6,4 milliardar kroner i dei frie inntektene til kommunane vil gjere det enklare å få budsjetta til å gå opp. Det er viktig for å sikre ein sterk kommuneøkonomi, slik at dei framleis kan sørgje for gode tenester til innbyggjarane, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til NTB.

I kommuneproposisjonen for 2024, som vart lagt fram i mai, la Gjelsvik til grunn ein realvekst i dei frie inntektene til kommunane neste år på mellom 5,6 og 5,9 milliardar kroner.

Som følgje av nye og høgare anslag for pensjonsutgiftene foreslår regjeringa i statsbudsjettet som blir lagt fram i dag, ein auke på 6,4 milliardar kroner i dei frie inntektene. Det svarer til ein realvekst på 1,3 prosent. Regjeringa foreslår med det totalt 504,5 milliardar kroner i frie inntekter.

Veksten er fordelt med 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

– Veksten sikrar at sektoren vår har dekt auka kostnader til demografi og pensjon i 2023, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom, seier Gjelsvik.

Høgare pensjonskostnader

Kommunalministeren seier at det er gjort nye berekningar i forkant av budsjettforhandlingane der pensjonsberekninga er vesentleg oppjustert.

– Det stemmer godt overeins med tilbakemeldingane vi har fått frå kommunane, som viser at dei reelle kostnadene dei har, er høgare enn dei vi opererte med tidlegare, seier Gjelsvik.

Medan regjeringa tidlegare la til grunn ein auke til pensjonsutgiftene på 1,2 milliardar kroner neste år, blir det no sett av 2 milliardar kroner til dette.

– Det er viktig når føresetnadene endrar seg, at vi sørgjer for føreseielegheit og stabilitet, seier Gjelsvik.

Pengar til busetjing av flyktningar

Dei auka løyvingane i samband med endringane i demografi er mellom anna knytt til busetjing av ukrainske flyktningar i kommunane.

– Det er viktig i ei tid der kommunar og fylke landet rundt har stilt opp for å ta imot flyktningar frå Ukraina, og har gitt dei ein god start i Noreg. Dei er på flukt frå krig, og mange har vore vitne til store øydeleggingar. Så å sørgje for auka kostnader hos kommunane knytt til dette, er viktig frå vår side, seier Gjelsvik.

Så langt i år har norske kommunar busett rundt 22.400 ukrainske flyktningar, medan det i 2022 vart busett over 31.000 flyktningar frå det krigsherja landet.

Kompenserer for «straff» frå Solberg-regjeringa

100 millionar kroner er også sett av til kommunane som taper mest på endringa i inntektssystemet som Solberg-regjeringa gjorde i samband med kommunereforma.

– Mange kommunar har vorte straffa ved at dei ikkje slo seg saman. Dei har ikkje fått full kompensasjon for smådriftsfordelar i inntektssystemet. Det meiner vi er heilt feil, og vi varsla i Hurdalsplattforma at vi ville endre det, seier Gjelsvik.

Han seier at regjeringa neste år vil leggje fram eit nytt inntektssystem for kommunane med verknad frå 2025.

– Men vi har starta med ein delvis kompensasjon for inntektsåret 2024 for kommunane som vart straffa hardast av Solberg-regjeringa, seier kommunalministeren.

(©NPK)