Onsdag morgon skriv Fjord1 i ei driftsmelding at det vil vere redusert kapasitet på ein avgang på ferjesambandet Hareid – Sulesund. Dette gjeld avgangen frå Sulesund 11.30.

Ifølgje Fjord1 er det transport av farleg last som fører til redusert kapasitet. Det vil maksimalt vere plass til 12 passasjerar på denne avgangen.