(Møre-Nytt): Onsdag vart det nye MR-bygget offisielt opna av varaordførar i Volda, Sverre Leivdal.

Varaordførar Sverre Leivdal klipte snora. Til venstre: Åsbjørg Strand Vassbotn, fagradiograf. Og til høgre: Overlege Kristian Kolnes og radiograf Alice Telset Tverberg. Foto: Helse Møre og Romsdal/May-Helen Molvær Grimstad

Til stades var mellom andre den nye direktøren for Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel.

Vossingen har fortid som turnuslege ved Volda sjukehus.

– Det er ekstra hyggeleg å møte att folk som også var her då eg var her som turnuslege, sa Lødemel.

I sin tale trakk han fram at sjukehuset i Volda har god tradisjon for å rekruttere gode fagfolk, og har gode fagmiljø.

– Det er som regel ein samanheng mellom gode fagmiljø og god rekruttering, sa direktøren.

Ros frå nyesjefen

Han meiner det er all grunn til å skryte over satsinga på eit MR-bygg.

– I dag feirar vi at Helse Møre og Romsdal har investert over 47 millionar kroner i dette bygget og MR maskinen. Det har vore ei planlagt og strategisk satsing for Helse Møre og Romsdal og Volda sjukehus, sa Lødemel.

I 2022 vart nybygget på 600 kvadratmeter ved akuttmottaket opna.

– Vi har investert over 100 millionar kroner over ein treårsperiode i Volda. Volda sjukehus er, og vil vere, eit viktig sjukehus for Helse Møre og Romsdal. Alt dette har vore mogleg å realisere ved at vi har drifta godt og skapt handlingsrom for investeringar. Vi skal satse på Volda også framover! sa direktøren.

Klinikksjef diagnostikk Per Erik Tødenes saman med tidlegare avdelingsoverlege røntgen, Sverre Sundalsfoll. Foto: Helse Møre og Romsdal/May-Helen Molvær Grimstad

Førsteklasses

Klinikksjef diagnostikk Per Erik Tødenes takka alle som har hjelpt til med å realisere prosjektet.

– Når vi skulle kjøpe inn ny MR maskin i Volda gjorde vi det som eit samla prosjekt og tilbod der ein kjøpte inn tre maskinar. Ei til Kristiansund, ei til Volda og ei maskin til det nye sjukehuset i Molde. Dette gjer at vi bruker mindre ressursar i innkjøpsprosessen og får ein betre pris på utstyret, sa Tødenes.

Også han rosa fagmiljøet i Volda.

– Volda er svært flinke til å rekruttere og halde på fagfolk og når ein har topp moderne utstyr vert dette arbeidet styrka. Kombinasjonen av topp moderne utstyr og motiverte og kompetente fagpersonar gir framdragande diagnostikk!