Laurdagskvelden, like etter elevane ved Sunnmøre Folkehøgskule var ferdig med alle framsyningane om Rockeulven, var det elevar ved skulen som testa positivt for korona. Smitten ved skulen vaks utover veka. Onsdag melde Ulstein kommune at det var 56 elevar og to tilsette som var smitta. Då Vikebladet Vestposten snakka om rektor Arnt Ole Grimstad torsdag ettermiddag var talet oppe i 59 elevar og fire tilsette.

Dei har isolert dei sjuke, så dei ikkje er i lag med friske. Og dei friske må dagleg testa seg, og ha ein negativ test for å få vere i fellesareala. – Me er ved godt mot, seier Grimstad. Dei held undervisning for dei som er friske, og dei som er sjuke er ikkje alvorleg sjuke. Det har vore litt ekstra logistikk og arbeid for å organisere det heile. Han rosar helsestasjonen for å yte god sørvis og finne ein god måte for å teste så mange på ein gong. No isolerer folkehøgskulen seg litt frå bygda, så dei ikkje drar med seg smitte ut i lokalsamfunnet. Så håper at han ikkje så mange tilsette blir sjuke på ein gong, så det blir vanskeleg å drive skulen. Hovudopptaket til folkehøgskulane er 1. februar, så dei har nok å gjere desse dagane.