Under tittelen skriv journalisten i Sunnmørsposten at skipsreiar Wilh. Wilhelmsen denne fredagen opna det nye administrasjonsbygget til Ulsteingruppen ved å hogge over snora med ei øks som før blei brukt til å bygge skip av tre. Og vidare: «Intet var mer naturlig enn at nettopp han foretok denne symbolske handling. Samme dag overtok rederiet sitt tiende forsyningsskip fra verftet, og Ulsteins styre gav endelig klarsignal til å sette i gang husbygging da kontrakten med Wilhelmsens rederi var undertegnet tidlig i fjor.» Sunnmørsposten skriv vidare at det var skipsbyggingshistorie som vart skriven i Ulsteinvik då «Tender Turbot» blei overtatt. Det er svært sjelden at så mange skip blir bygde, nær sagt på løpande band, til same rederi. I sju år har 150 mann hatt arbeidet sitt med desse kontraktane. Dessverre kan vi føye til at det er endå meir sjeldan i dag. På fotoet ser vi altså Wilh. Wilhelmsen hogge av snora og erklære det nye administrasjonsbygget til Ulstein for opna. Dei slanke journalistane fremst i bildet er Leiv Arne Grimstad (utsendt frå Vestposten på Hareid) og Petter Sandvik (som den gongen jobba i Sunnmøre Arbeideravis). Mannen i fremste rekke med fotoapparat (t. v.) er Jostein Loen (gift med Ragnhild f. Ulstein), deretter følgjer sonen deira Arne Loen. Nummer tre frå venstre er Henry Ulstein, som var byggansvarleg for bygget og innkjøpssjef. Elles er Oluf Holm også med på bildet. Foto: sunnmørsposten

Opna nybygget med eit øksehogg