Om lag 80 hadde funne vegen til Kristi Himmelfartsgudstenesta på Kvitneset torsdag, der sokneprest Margit Lovise Holte heldt preika.

I tråd med dagens tekstgrunnlag snakka soknepresten om «Jesu nærvær» både i historia og i notida:

– Førti dagar etter påske var Jesu jordeliv fullført. – Han var i historia, men på Kristi Himmelfartsdag gjekk han ut av tida og inn i «Faderens evige augneblenk».

– Jesus er derfor til stades til alle tider. Han er hjå sine born til alle tider og regjerer i dei hjarta som trur.

Soknepresten peikte også på  grunnlovsjubileet og minte om at vi levde i eit land med fridom til ytre seg. – I mange andre land blir kristne forfølgde for trua si – heilt inn i martyriet.

Som å vandre i eit postkort

På ein så fin dag, når nytt liv av daude gror, var det også lett å trekke fram naturen. – Å vere på Sunnmøre slike dagar er som å vandre rundt i eit postkort, sa presten og siterte Salme 8.

– Men tilværet er tvetydig. Glede og smerte er delar av  vårt daglege strev. Håpet er at livet vinn når Kristus får vere konge i våre liv.

Brandal Vel og Musikklaget Melshorn

Friluftsgudstenesta var i samarbeid med Brandal vel. Ei gruppe frå Musikklaget Melshorn spelte.

Vind gjennom kløfta

Vinden, som kom inn frå havet, strypte seg inn i kløfta. Dei fleste deltakarane fann det derfor best å sitje tett inntil bergveggen. For der var det  både stilt og varmt.