Ifølgje Yr.no er det tysdag morgon venta aukande vind opp til sørvest liten storm på kysten og i fjellet i Møre og Romsdal. Dette vil medføre stor fare for innstillingar av fly- og båtavgangar, samt skape problem for anna trafikk.

Utover kvelden seier stormvarselet at vinden kan auke på opp mot full storm på kysten. Det er venta at vinden minkar inn mot onsdag, då meteorologane melder stiv til sterk kuling på utsette stadar.