– Etter dei førespurnadene vi får og det som blir fortalt til oss, så er det ein god del ulovleg bygging i fylket, seier justis- og beredskapsdirektør Helge Mogstad hos Fylkesmann i Møre og Romsdal til NRK.

Eitt av dei største problema er ulovleg ombygging og innreiing av naust i strandsona. For å få bukt med dette og andre typar ulovleg bygging, må kommunane ta grep, meiner Mogstad.

Han betre informasjon er eit nøkkelord.

– Dei fleste har ting i orden, så det er ikkje så mange som juksar. Men det er kanskje eit komplisert regelverk, seier han.

For å bøta på dette oppmodar han kommunane til å informera betre og leggja ut reglane om bygging på heimesidene sine. Samtidig rår han folk til å søkja råd og rettleiing før dei skal byggja.