Lund+Slaatto Arkitekter sin visjon om Ulstein Arena vart presentert i Ulsteinvik i mars 2011. Det har gått nesten sju år sidan den gong, men laurdag 2. desember skal bygget opnast og endeleg takast i bruk.

Arbeid fram mot årsskiftet

Arbeidet i Ulstein Arena går for fullt fram til opninga, men det vil nok også bli arbeidd på nokre område også i tida framover.

– Bassengområdet har eigentleg vore klart lenge. Badeanlegget, klivrehallen og biblioteket vil vere klart til bruk frå opninga laurdag, fortel kultursjef Leif Ringstad.

Han legg til at det vil bli jobba vidare med å få absolutt alt ferdigstilt, og publikum vil kunne sjå at det står att nokre småting mellom anna i idrettshallen.

– Her vil det bli gjort ein del mindre arbeid framover mot årsskiftet, seier han.

Les også: - Drøymer om Ulstein Arena om natta

Fantastisk anlegg

Ringstad er uansett ikkje i tvil om at Ulstein Arena har blitt eit verkeleg flott bygg.

– Folk kjem til å få oppleve eit fantastisk anlegg, både arkitektonisk og funksjonelt. Ulstein Arena har blitt eit godt anlegg å kome inn i, med kvalitetar som gjer at det vil bli opplevd som ein god plass å vere, fortel kultursjefen.

Publikum kan gle seg

Ulstein Arena er bygget som har «alt». Badeanlegget Ulsteinbadet har eit 25 meters basseng med stupetårn, i tillegg til ei vass-sklie, boblebad og eit varmebasseng. Ringstad fortel at det også skal inn ei sklie til på sikt, men at tidsperspektivet for dette ikkje er klart på noverande tidspunkt.

I tillegg får ein bibliotek, klivrehall og ein idrettshall med handballbane i full størrelse.

– Det er berre å gle seg, slår Ringstad fast.

Som nemnt vil badeanlegget, biblioteket og klivrehallen vere ope for publikum frå laurdag. Både idrettshallen og bassenget skal også brukast av skulane i kommunen, men Ringstad fortel at denne bruken ikkje kjem i gong før over nyttår.

Då vil også idrettshallen takast i bruk både som trenings- og konkurransearena.

Klivrehall: Det blir ein spektakulær klatretur i Ulstein Arena. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes