Fredag kveld står ei bygning i full brann på Rise i Hareid kommune.

Ifølgje Politiet i Møre og Romsdal er det ein låve som står i brann. Det skal ikkje vere fare for menneske, dyr eller andre bygningar på staden, men naudetatane er på veg til plassen.

Ifølgje kjelder på staden er låven fullstendig overtent. Det ser ut til at brannvesenet på staden prøvar å begrense moglegheitene for at brannen skal spreie seg til dei nærliggande bygningane.

Høge smell

Det blir også fortalt om fleire store smell frå bygningen som står i brann.

110-sentralen i Møre og Romsdal skriv på twitter at låven er fullstendig overtent. Brannvesenet konsentrerer seg no om å hindre spreiing til nabohus. Dei skriv også at smella som blir høyrt i området kjem av eksplosjonar frå gassflasker som har vore lagra på låven.

Naudetatane er på plass på Rise der ein låve står i full brann fredag kveld. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll