I morgon, måndag 31. januar, startar rundt 130 lærarar og skuleleiarar i Ulstein kommune opp vidareutdanning i teknologibruk i skulen. Dette er gjennom eit samarbeid med Høgskulen i Volda.

Møtet på Ulstein ungdomsskule er starten på den store satsinga "Teknologiskulen" som er ein del av "Læringsarena Ulstein".

Denne dagen skal lærarane kursast i mellom anna bruk av omvendt undervisning og filmbruk, profesjonsfagleg digital kompetanse og bruk av samansette tekstar i læring.

Kursa skal gå gjennom heile våren. Det er ein kombinasjon av samlingar, nettleksjonar og utviklingsarbeid i klasserommet. Dette gir kompetanseheving i form av 5 studiepoeng per kurs.

Det kjem lærarar frå alle trinn og fag i grunnskulen. Det er også med lærarar frå vidaregåande skule.

Høgskulen samarbeider også med Ulstein kommune om utvikling av nye kurs innan koding i skulen og teknologibruk. Desse kursa startar opp til hausten.