Dei tilsette ved SUFH er budde på å ta imot sommargjestar.

Etter at Sunnmøre Folkehøgskule tok over hotellet, har overnattinga vore regulert av ein femårig kjøpsklausul med det nye hotellet. Frå nyttår gjekk denne klausulen ut, og Sunnmøre Folkehøgskule kan no fritt ta imot alle som ønsker å overnatte.

- Dette er svært gledeleg, og det gjer at vi kan gi eit langt betre og breiare tilbod til våre gjestar, seier Lars Erling Bjåstad Hovlid Leiar for kurs og arrangement ved SUFH.

Vandrarheimen vil halde ope som vanleg, med rimelege prisar og enkel og god standard. For sommarhotellet vil skulen ta i bruk det som var busniess-avdelinga då skulen var hotell. Roma held god standard, med balkong med utsikt, bad, internett og TV på romet. I mai og juni tilbyr dei gjestane tidleg frukost, slik at dei som er her for å jobbe kan rekke arbeidsdagen.

For vandrarheimsdrifta har SUFH aldri før hatt så mange førehandsbookingar som i år. Dei har allereie teke imot ei rekke små og store arrangement og grupper for sommaren 2012, mellom anna tsjekkiske og polske bussturistar, landsmøtet for Den Norske Israelsmisjon og stiftsdagar for alle tilsette i Møre bispedøme.

- Det er gledeleg at mange vil besøke Sunnmøre og Ulsteinvik i laupet av sommarmånadane, og vi håpar vi saman med kommunen, hotellet, Kapp det gode håp og andre aktørar kan vere med å utvikle Ulsteinvik som eit attraktivt reisemål, seier Bjåstad Hovlid, og legg til: - Vi ønsker gamle og nye gjestar velkomne til Ulsteinvik vandrarheim og sommarhotell!