Reitengrenda er namnet på eit stort bustadprosjekt under Oseberget i Ulsteinvik. Bustadområdet skal inkludere 44 leilegheiter fordelt på to bygg. Det eine har tre etasjar. 12 av husværa blir på 68 kvm (kvadratmeter) med to soverom, medan dei andre 12 husværa blir på 46 kvm med eitt soverom. Det andre bygget får fire etasjar og inneheld 20 leilegheiter på 78 kvm. Ein kan her velje mellom to og tre soverom.

– Vi har selt 24 av 44 leilegheiter. Det betyr at prosjektet er enormt godt motteke. Og det synest vi sjølvsagt er artig, seier Bjørnar Hoel frå Notar (innfelt bilde) til Vikebladet Vestposten. Han er ansvarleg meklar for prosjektet.

Hoel synest det er spesielt kjekt at alle kjøparane så langt er private kundar.

– Ja, det hadde vi ikkje trudd. Det har jo vore ein del større aktørar inne i biletet med tanke på kjøp, som Rolls-Royce, Ulstein Group og Kleven Maritime. Desse har førebels ikkje slått til. Men at det er 24 private ulike private aktørar som har kjøpt seier oss at dette er ein suksess, meiner Notar-meklaren.

Og forklarer suksessen slik:

– Vi har truleg treft godt med tanke på både storleik og pris. Kundemassen består av både vaksne og yngre. I andre byggeprosjekt i Ulsteinvik har det vore snakk om store areal og relativt høge prisar. Desse leilegheitene er derimot overkommelege i pris for mange, forklarer Bjørnar Hoel.

Reitengrenda AS er utbyggar av leilegheitene. Dei er igjen 100 % eigde av Ulsmo Eiendom AS.

Venta byggestart er mot slutten av sommaren. Truleg står leilegheitene klare neste år.