Torsdag kveld skal det gjennomførast ei beredskapsøving i Eiksundtunnelen. I samband med øvinga vil tunnelen i periodar vere heilt stengt.

Møre og Romsdal fylkeskommune skriv i ei pressemelding at øvinga vil vare frå 20.30 til 00.30. I perioden 21.30 til 23.30 vil tunnelen vere stengt.

I timen før og timen etter vil det bli vere manuell dirigering og ledebilkøyring.