Fylkesveg 61 i Sula er stengt ved Bjørkavågen som følgje av ei trafikkulukke mellom ein personbil og ein lastebil. Ifølgje Politiet i Møre og Romsdal har helsepersonell stadfesta at ein person omkom i ulukka.

Fylkesvegen vil difor vere stengt i lengre tid og NRK Møre og Romsdal skriv på sine nettsider at det ikkje er mogleg å passere ulukkesstaden for ferjetrafikken som skal til eller frå ferjesambandet Hareid – Sulesund. NRK skriv at Statens vegvesen jobbar med ei løysing.

Dette blir stadfesta av Vegtrafikksentralen, som skriv på Twitter at det er venta langvarig stenging av fylkesvegen. I ei oppdatering skriv Vegtrafikksentralen at ferjetrafikken på Hareid - Sulesund vil gå til Solavågen i staden for Sulesund.

Møre og Romsdal fylkeskommune skriv i ei pressemelding at vegen kan vere stengt fram til 18.00, men ifølgje Sunnmørsposten kan eitt felt verte opna allereie frå 14.00.

«Frå 12.25 går det ei alternativ ferjerute frå Hareid – Solevåg. Denne ferja vil gå innom Sulesund ved behov for å gi tilbod til dei som blir avstengd frå vegnettet. For dei som skal til og frå Langevåg kan også hurtigbåt vere eit alternativ», skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.

14.26 melder politiet i ei oppdatering på Twitter at dei vil dirigere trafikken og at eitt felt blir opna forbi ulukkesstaden.

14.41 kjem Vegtrafikksentralen med ei oppdatering om ferjesambandet Hareid - Sulesund. Dei melder at sambandet vil ta opp att normal rute og at ferja igjen vil gå om Sulesund. Vegtrafikksentralen peikar samstundes på at dei reisande må rekne med at det kan bli ein del forseinkingar.

Frå klokka 16.30 var det normal drift i ferjesambandet mellom Hareid og Sulesund.

Pårørande til personen som omkom skal no vere varsla. NRK Møre og Romsdal skriv at det var ein mann i 70-åra frå Sunnmøre som omkom.