Tysdags- og onsdagskvelden denne veka blir det vegarbeid i Selvågtunnelen.

Tunnelen blir ikkje stengt. Medan arbeidet pågår vil det vere manuell dirigering, der bilistane må vente på ledebil.

Arbeidet tar til klokka åtte på kvelden og varer gjennom heile kvelden og natta, fram til klokka seks om morgonen.