Laurdag og sundag fekk folk oppleve den norske kunstnaren Håvard Homstvedt, som i dag bur på Brooklyn i New York i USA. Denne helga hadde han utstilling i Galleri Hugo Opdal på Flø, og var svært nøgd med å få presentere kunstverka sine i eit lyst, lite og intimt galleri i eit elles ope landskap.

– Heilt unikt

– Eg har vore innom fleire galleri ulike stader i verda med bileta mine. Og Flø skil seg heilt klart ut. Ingenting kan måle seg med Flø, fortel kunstnar Håvard Homstvedt til Vikebladet Vestposten laurdag.

Fleire møtte fram for å få med seg utstillinga, som for dei fleste kunne opplevast som noko uvanleg kunstform.

Homstvedt hadde med seg ei utstilling, der han hadde teke tak i stumfilmen si visuelle verd for å hente motiv og struktur til nye målerier. I galleriet var måleria montert opp side ved side for å minne om korleis den analoge filmen er bygt opp av bilete. Motiva er henta frå “headshots” med ein gong kjende stumfilmikoner.

Homstvedt tykkjer det er kjekt å ta med ei slik utstilling heim til Noreg, og ikkje minst Flø.

– Eg er opphavleg trønder, men har aldri vore på denne kanten av landet før. Eg har heller ikkje kjent Hugo Opdal frå tidlegare. Eg kom i kontakt med han då han vitja ei av mine utstillingar i Oslo i fjor. Han tok turen over til New York for å sjå kva eg dreiv med. Så det var slik vi kom opp med ideen om å stille ut på Flø, smiler Homstvedt.

Avslutningsvis får Studio Hugo Opdal skryt av kunstnaren.

– Eg tykkjer det er imponerande kva dei har fått til her ute, med tanke på galleriet og Moods of Norway-butikken. Det er heilt fantastisk. I tillegg tykkjer eg svært godt om lokalet slik det står fram. Vi tok vekk ljoskjeldene i taket for å gje bileta naturleg ljos frå vindauga. Det er veldig fint her, skryt Homstvedt.

Takka sponsoren

Det var gallerist Hugo Opdal sjølv som fekk æra med å opne utstillinga å presentere kunstnaren for dei frammøtte.

– Det er utruleg kjekt å sjå at så mange tok turen hit. Ikkje minst er det kjekt at Håvard Homstvedt ville kome, innleiar Opdal.

Vidare ynskjer han å rette ein stor takk til Sparebanken Møre, som har fungert som ein generalsponsor for Studio Hugo Opdal.

– Det kostar nokre hundrelappar å få frakte kunst frå New York til Oslo. Utan hjelp frå Sparebanken Møre hadde vi ikkje fått det til. Velkomen, avsluttar Opdal.

Solid bakgrunn

Håvard Homstvedt (f. 1976) er fødd i Lørenskog, og bur og jobbar i New York. Han har stilt ut verk ved viktige galleri i Noreg og i utlandet. Homstvedt er utdanna ved Yale University og har ei bachelorgrad frå Rhode Island School of Design. Han er innkjøpt av Nasjonalmuseet, Sørlandets Kunstmuseum, Kistefos Museet, FRAC Auvergne og Yale University Art Gallery