– Generelt kan ein sjå at det i dei meir sentrale strøka så er det rikeleg tilgang på relativt høgtlønna arbeidsplassar. Behovet for å bu pressar opp prisane og ein liten mangel på bustader gir utslag på prisen, forklarer Jørn Velle, eigendomsmeklar i Møre Eiendomsmegling.

For mai i 2012 låg prisforslag (inkludert fellesgjeld) per kvadratmeter på selde bustader i Ulstein på 27051 kroner. Dette er den høgste kvadratmeterprisen dei siste fem åra. På same tid i fjor låg den på 18 081 kroner, medan det i 2008 var så lågt som 14 932.

Jamt over i heile 2012 er prisane litt høgare enn i 2011. Juni 2011 var ny rekord for kvadratmeterprisen, og den prisen har haldt seg fram til i år. Det er grunn til å tru at denne utviklinga vil halde fram.

– Signalet frå bedriftene er at det framleis er behov for kvalifisert arbeidskraft, og dermed også bustader, seier Velle.

Statistikken viser også ein jamn nedgang i mengd bustader til sals – noko som forklarer prisauken.

For meglarbransjen her til lands er det likevel ikkje eit stort fokus på kvadratmeterpris.

- Realitetane er litt annleis og vi legg liten vekt på kvadratpris, seier Tommy Sylte i Notar.

Han er samd i at kjøpekraft gir høge prisar.

- Vi har sett at prisane på leilegheiter og eldre hus har flata seg litt ut, medan prisane på nye bustader har auka. Det kan tyde på at folk har pengar og dermed er villige til å betale for å få det slik dei vil, seier Sylte.

Mange nybygg

Den sterke bustadmarknaden tyder på at det er mangel på bustadar i Ulstein. Men nye bustadprosjekt kjem på banen stadig vekk. Sist veke skreiv Vikebladet om den store interessa for bustadprosjektet Reitengrenda. Ein månad etter at dei 44 leilegheitene vart lagt ut for sal er over halvparten selde. Desse kjøpa er det private aktørar som står bak.

Auke på Hareid

På Hareid er det ikkje same presset i bustadmarknaden, men det er likevel aukande popularitet der også.

– Hareid ligg nært både Ålesund og Ulsteinvik og vert då eit alternativ for pendlarar, seier Velle i Møre Eiendomsmegling.

Generelt sett ligg også prisane litt lågare på Hareid enn i Ulsteinvik og noko som gjer det til eit alternativ for dei som ikkje kjem inn på marknaden i Ulstein.

Likevel er det også ei betydeleg prisauke per kvadratmeter i Hareid.

Juni i fjor låg den gjennomsnittlege kvadratmeterprisen på 13 002 kroner. I år er den oppe i 14 938, ei auke på 14 prosent. Men i motsetning til i Ulstein har det ikkje vore ei jamn auke per år i pris. Juni 2010 var den aller høgaste sommaren med ein snittpris på 19 475.

På Hareid er det derimot ei meir stabil utvikling av bustader til sals.

- Prisnivået er høgare i Ulstein enn Hareid, men etterspurnaden er ganske bra i Hareid også, seier Tommy Sylte i Notar.

Mange leiger

Det er også ein marknad for dei som berre har behov for leige av bustad.

– Det er ein god leigemarknad både i Ulstein og Hareid, men den klare tendensen er at dei fleste som etablerer seg over tid ønskjer å eige sjølv, understrekar Velle i Møre Eiendomsmegling.

Tommy Sylte i Notar har merka det same.

- Det er faktisk mange som brukar meir pengar på å leige enn kva det ville kosta å betale ned eit lån. Det kan vere fordi dei på sikt ønskjer å byggje hus, seier han.