Norconsult arbeider på oppdrag frå Hareid kommune med å lage ei detaljprosjektering for rundkøyring på Holstad. Sporstøl Arkitekter AS utfører reguleringsarbeidet på vegne av kommunen.

Robin Sætre frå Norconsult var til stade på sist kommunestyremøte og orienterte. Han presiserte at detaljprosjekteringa ikkje er ferdig.

På skissene han viste kommunestyret var det teikna inn både matbutikk og Uno X-stasjon. Ingen bustader treng å regulerast vekk, vart det sagt, men det kan vere aktuelt å rive Fantehuset.

Sætre presiserer til Vikebladet Vestposten at belysning, skilting og kulvert er lagt inn i modellen som illustrasjonsobjekt. Lysplan, skiltplan og kulvert er under utarbeiding og det kan kome endringar på dette.

Trygg ferdsel for gåande

Det er også laga til ein undergang/kulvert for gåande og syklande under fylkesvegen, så dei mjuke trafikantane kjem seg trygt frå bustadfeltet på Holstad og over på den andre sida av vegen.

Etter orienteringa tok Marit Øien Sæverud (Kristeleg Folkeparti) ordet og sa at sånn vegen er no er han livsfarleg. Ho er glad for at det no blir gjort noko. Trygg ferdsel for born er viktig.

Høgt nok for brøyting?

Ordførar Anders Riise stilte spørsmål om høgda på kulverten. Er det høgt nok til at ein får brøyta under der?

– Eg har litt kompetanse på det feltet, kommenterte Riise, noko som utløyste litt humring i salen. Jau, det meinte Sætre dei burde få til.

Det vart på kommunestyret nemnd at dette prosjektet kan koste 20 millionar, men det var ikkje eit kvalitetssikra tal.

– Det krevjande blir ikkje å regulere, det krevjande blir å finansiere, avslutta Anders Riise saka med.

Det er planlagt ein kulvert under vegen så mjuke trafikantar kan kome seg trygt på andre sida av fylkesvegen. Foto: Robin Sætre, Norconsult.
Det er planlagt store endringar av dette området. Foto: Linda Eikrem.