- Vi hadde eit håpt om å få Ullensvang inn i B-ruta igjen sist fredag eller laurdag. Men slik gjekk det ikkje, fortel Inge André Utåker, regionsjef i ferjer i Norled.
Ferja vart sendt på eit planlagt verkstadopphald for to veker sidan.
Redusert kapasitet i B-ruta - betre kapasitet i C-ruta
Utåker fortel at det er eine propellen på ferja som er problemet.
- Ja, det viser seg at den eine propellen har meir slitasje enn vi rekna med.
No går det berre to ferjer i sambandet. Kor lenge blir tilbodet slik?
- Ullensvang blir ute av drift heile denne veka og kanskje nokre dagar i neste veke også. Vi jobbar difor med å finne ei reserveferje. Men det er usikkert om vi får det til, seier Utåker.