I forkant av kommunestyremøtet i Ulstein torsdag vart to kvinner med lang fartstid i det politiske sekretariatmiljøet takka av: Marianne Hatløy og Bjørg Haugland.

Dei tek no ut pensjon og let nye krefter sleppe til. Hatløy sluttar i desse dagar, medan Haugland sluttar i august.

Ordførar Jan Berset fann det  vemodig. – Men alt må ta ein ende, sa han og takka dei to for godt samarbeid og godt utført arbeid.

Han roste dei to for å ha vore tilpasningsdyktige og for å ha hatt respekt for arbeidet sitt. – Dei har hatt sterke sider på kvar sine område. – Begge har gjort ein kjempejobb for kommunen og vert ikkje lette å erstatte, la han til.

Begynte i 70-åra

Marianne Hatløy starta den kommunale yrkeskarrieren som kontorassistent på kommunekassa i 1972. Etter å ha vore i fleire ulike posisjonar kom ho inn i det politiske sekretariatet i 2003.

Bjørg Haugland har også brei kommunal erfaring sidan ho i 1976 begynte som kontorassistent ved Ulstein sjukkeheim. I 2007 kom ho med som sekretær i det politiske sekratariatet og har vore der i om lag 8 år.