Den siste veka har det vore nedsett trafikk på ferjesambandet Hareid - Sulesund ettersom A-ferja Tidefjord har vore på eit årleg verkstadopphald.
Det førte til at det var B-ferja Ullensvang, samt den mykje mindre Høgsfjord som har trafikert sambandet. Tysdag var A-ferja tilbake i normal drift, og Norled melde klokka 07.00 at det no er normal kapasitet i sambandet.
Verkstadopphaldet har ført til ekstra vanskelege tilstandar, og spesielt tysdag sist veke vart det vanskeleg å ta unna trafikken på sambandet, ettersom Ullensvang fekk trøbbel med løftebaugen på ei side av ferja.
Les også: Kaostilstandar ved Hareid ferjekai