– Dette var kjempekjekt! Det er ei stor ære å få denne prisen, seier Ane Sofie Rørvik Blindheimsvik.

Ho er butikksjef for butikken på Hareid. E-design blei starta i 1982, heime med mor til Ane Sofie, Elin Rørvik. Først som ei tilleggsnæring, men sidan har bedrifta utvikla seg jamt. I 2002 kunne ein feire 20-årsjubileet til bedrifta, med å flytte inn i eigne lokale i Skaret Senter på Valderøya. I 2008 blei butikken på Hareid opna.

– Vi har ein stor kundebase på Søre Sunnmøre, og fann ut at det var like greitt å starte butikk på Hareid, framfor å måtte ta båten for å nå kundane våre, fortel Ane Sofie, andregenerasjons butikkdrivar.

Årets handelsbedrift

Saman med kollega Sigrid Jønsson tok Ane Sofie i mot diplomet frå representantane frå Nordea, som i si tid oppretta prisen. Banksjef for privatmarknaden i Ulstein og Hareid, Endre Vatne og kollega Leif-Per Breivik overrekte den flotte plaketten, blomar og sjølvsagt ei fin blautkake.

– Vi har visst om dette i eit par dagar, og har eigentleg berre trippa rundt fordi vi var så spente på å få den. Dette betyr mykje for oss, sa butikksjefen rett etter overrekkinga.

Høg grad av service

Juryen bestod av Rakel Dyrhaug frå Hareid Næringsforum, Heidi Myklebust frå Vikebladet Vestposten og Leif-Per Breivik og Bergsvein Øvrelid frå Nordea.

Ifølgje juryen er E-design ei verksemd som, på alle nivå, utøver høg grad av service og kunnskap om produksjonsspekteret bedrifta tilbyr. Dette saman med ei blid framtoning som gjer at dei står fram som svært kundevenlege.

– Bedrifta har heile tida vore medlem av Hareid Næringsforum og er engasjert i butikkgruppa. Butikken står fram som innbydande, ryddig og lekker, fortel banksjef Endre Vatne og legg til:

– Bedrifta har også eit medvitet forhold til eigenmarknadsføring, profilering saman med andre og digital marknadsføring. Det er også ei typisk familiebedrift, der alle i familien, mormor, mor, far og søster alle er involvert i ulike roller i verksemda.