Avtalen som vart inngått i natt mellom Hareid Høgre, Folkelista for Hareid kommune og Hareid Framstegsparti er eit valteknisk samarbeid.
I tillegg til å sikre at Anders Riise frå Høgre blir ordførar, og Kristian Fuglseth varaordførar, inneber avtalen desse fordelingane av verv:
- Framstegspartiet skal sikrast to medlemer i formannskapet, og får nestleiaren i Næring- og miljøutvalet.
- Høgre har sikra seg medlem i kontrollutvalet frå kommunestyret.
I avtalen mellom Folkelista og Høgre går det fram at Folkelista i tillegg til varaordføraren, får leiaren i Næring- og miljøutvalet og leiaren i valnemnda.
Høgre har sikra seg leiaren i Levekårsutvalet, medan Folkelista får nestleiaren.
- Avtalen er tufta på ei felles forståing av Hareid kommune sin økonomiske situasjon og utfordringar i tida som kjem, og ei gjensidig respekt for dei enkelte parti sine grunnhaldningar, står det å lese i avtalen.
Fast skulestruktur og utvikling av parken i sentrum
I avtalen mellom Høgre og Folkelista står også dette:
- Samarbeidspartia er samde om at skulestrukturen skal ligge fast i komande periode, og at ein må ha fokus på kvalitetsplan og fullføre den som planlagd.
- Sentrumsutvikling med utvikling av parken og leikeområde i Åsendalen skal prioriterast høgt.
- Holstad byggefelt skal prioriterast øvst av dei kommunale byggefelta
- Hjørungavåg skule skal sikrast midlar til utvendig rehabilitering
- Salet av Brandal skule skal fullførast.
I avtalen mellom Høgre og Framstegspartiet er desse punkta ikkje tatt med.
Berte Holstad Engen, kommunestyremedlem for Høgre, har tatt dissens på punktet om å sikre dagens skulestruktur. Dette er kommunisert til Folkelista.