Rådmann Einar Vik Arset stadfestar til Vikebladet Vestposten at det stemmer at kulturkontoret i Ulstein kommune skal få nye lokale. Dei skal inn i lokala med Fantastiske Osberget på Geileneset, der Furene heldt til før.

Bakgrunnen er at etter sommarferien byrjar Lars Erlin Bjåstad Hovlid som leiar for inkludering og mangfald i kommunen. Denne nye avdelinga skal inn med oppvekstkontoret på Rådhuset, så då må kulturkontoret flytte på seg. I tillegg skal det også vere eit par andre omrokkeringar på rådhuset, forklarer Arset.

- Skal dette til politisk handsaming?

- Nei, det er snakk om kontor for ein mellombels periode, svarer Arset.

Ulstein kommune treng kontorlokale fram til Arena Ulstein står ferdig hausten 2017. Kulturkontoret vil vere på plass i dei nye lokala før dei tek sommarferie, så avdelinga for inkludering og mangfald er klar til 1. august.