– Gjennom serien vil eg vise mangfaldet av heimar rundt omkring. Det er så mykje forskjellig som viser seg i heimane til folk. Sjølv om mange hus kanskje ser like ut på utsida, er det som regel heilt forskjellig inni, fortel videojournalist og prosjektleiar i SøreTV Lisa Bendal.

Her er logoen til den nye serien SøreTV står bak. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Alle heimar er unike

Ho fortel vidare at det kan vere mange grunnar til vala folk tek når dei skal bygge, pusse opp og innreie heimen sin.

– Ofte gjenspeglar huset personlegdomane til dei som bur i huset. Alle heimar er difor unike.

– Kva skal serien handle om?

– Videoane skal vise korleis husa ser ut, og litt om dei som bur i dei. Sjåarane vil bli introdusert for ulike stilar, og i kvar episode er det eit nytt hus med fokus på kva som har vorte gjort med det, og kvifor.

Bendal har valt å vere open for alle moglege forslag då ho skulle leite etter hus til den nye serien.

– Kva slags hus snakkar vi om her? Er det berre nye og særeigne hus?

– Nei, her vil de få sjå alt frå nybygg og nyrenoverte hus til gamle skattar. Mange av husa har noko for seg sjølv, men dei treng ikkje å vere spektakulære. I første episode får de sjå eit hus som ligg i Herøy, og handlar om eit ungt par som har totalrenovert huset som besteforeldra hans eigde.

Serien byrjar allereie denne veka

Lisa har i vinter vitja fleirfaldige heimar rundt om på Søre Sunnmøre, og held fortsatt på med filming til serien. Sjåarane kan difor forvente å sjå nokre kjente ansikt utover våren.

– Eg er takksam for alle som har invitert meg inn i heimane sine.

Fyrste episode byrjar førstkomande onsdag, 7. februar.

Kjenner du nokon som har ein flott bustad eller som legg mykje sjel og tid i heimen sin? Send tips til kven du synest skal vere med i «Bli med inn» på e-post til videojournalist Lisa Bendal: lisa.bendal@vikebladet.no.