Vikebladet Vestposten møtte fredag representantar frå Hareid sokn, soknet si byggenemnd, Hareid kommune og HS Rise Bygg – til ein prat på hjørnet av kyrkjelydshuset – som dei neste månadane skal få eit stort og tenleg tilbygg. For endeleg skjer det som lokalavisa først skreiv om sommaren 2018.

Ulsteinvik-baserte Bucci Arkitektur og Design står bak designen og prosjekteringa av det nye kyrkjekontoret – og prosjektet har vore lyst ut på anbod. Det var til slutt HS Rise Bygg som blei tildelt anbodet.

– Før tomta skal klargjerast for byggestart, blir det laga til ny veg mellom kyrkjelydshuset og rådhuset – som går hakket lenger mot sistnemnde bygg. Det gir fleire parkeringsplassar inntil nybygget – og alt vil vere universelt tilpassa – opplyser Paul Arne Ulstein i Hareid kommune.

foto
Ny veg: Før tomta skal klargjerast for byggestart, blir det laga ny veg mellom kyrkjelydshuset og rådhuset - som ein ser her på bildet. Vegen vil gå lenger ned mot rådhuset - slik at det blir plass til fleire nye parkeringsplassar inntil nybygget. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

– Blir eit praktbygg

Det nye kyrkjekontoret får ifølgje soknet delvis glasfasade utvendig – og eit felles takoverbygd inngangsparti saman med den eksisterande bygninga. Inne blir det ein liten foajé, prestekontor/samtalerom, kontorplassar for dei tilsette, møte og lunsjrom, kopirom, toalett og garderobe.

– Frå kontora vil ein også kunne gå ein snarveg inn til kyrkjelydshuset. Det blir totalt sett eit etterlengta løft når både kyrkjekontor og eksisterande fleirbrukshus kjem under same tak, seier kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog.

Tilbygget skal lånefinansierast og dekkjast av Hareid sokn – tilsvarande dagens leigetakst for kyrkjekontor. Prosjektleiinga blir gjort av eigedomsavdelinga til Hareid kommune. Hareid sokn blir eigar av både kyrkjekontoret og kyrkjelydshuset. Hareid Frivilligsentral eigast og drivast av Hareid sokn, og skal ha kontor i nybygget. Noko som er ein fordel – med kort veg inn til sentralen sitt aktivitetsrom i den gamle peisestova på kyrkjelydshuset.

– Det blir eit praktbygg, og eit særs tenleg bygg, seier Leidulv Hareide i soknet si byggenemnd.

– Vi takkar så mykje for oppdraget, og gler oss til å få setje skikkeleg i gang med arbeidet, seier Endre Skeide i HS Rise Bygg.

foto
Slik ser ein føre seg kyrkjelydshuset etter at tilbygget er på plass. Det nye kyrkjekontoret får ifølgje soknet delvis glasfasade utvendig – og eit felles takoverbygd inngangsparti saman med den eksisterande bygninga. Inne blir det ein liten foajé, prestekontor/samtalerom, kontorplassar for dei tilsette, møte og lunsjrom, kopirom, toalett og garderobe. Foto: Skisse/Bucci Arkitektur og Design.

Takkar for innsatsen

Resultatet av dette byggeprosjektet kjem ifølgje Hareid sokn etter tett samhandling mellom eigedomsavdelinga i Hareid kommune, ved prosjektleiar Per Erik Strandkleiv og Paul Arne Ulstein – men også soknet si byggenemnd, som består av tre frivillige – Leidulv Hareide, Torgeir Ringstad og Aina Giskeødegård Balsnes – men også Stein Karstensen i soknerådet og kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog.

– Eg må berre få takke så utruleg mykje for innsatsen alle involverte har lagt ned. Dette er noko vi har gledd oss til lenge – og vi ser fram til å kunne ta nybygget i bruk når det står ferdig, seier Bente Andreassen Pilskog og held fram:

– Kyrkjekontoret og kyrkjelydshuset ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering i høve det aktive, omfattande og førebyggande arbeidet som soknet gjer i lokalsamfunnet. Hareid sokn er ein viktig lokal samfunnsbyggjar, og med kontor og kyrkjelydshus under same tak -med opne dører store deler av døgnet – får vi treffpunkt og ein møteplass open for alle. Noko som òg bidreg til å skape eit meir levande sentrum.