Endeleg: Tysdag ettermiddag kunne Andreas Debess Moldskred endeleg ta ein velfortent pust i bakken, etter å ha gått heile 444 kilometer – frå Vaksdal aust for Bergen, til Jernbanetorget i Oslo sentrum. Foto: Privat.

I mål etter livsendrande vandring: – Det er berre eg som kan gjere meg sjølv frisk igjen

Tysdag var ein sliten men glad Andreas Debess Moldskred endeleg framme i Oslo. Etter å ha brukt dei siste tre vekene på å gå frå Bergen til hovudstaden har han i mykje større grad lært å akseptere seg sjølv.