Statens vegvesen utbetrar Garneskrysset i Ulstein kommune på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune. I dag vart tilboda opna. K. A. Aurstad la inn eit tilbod på 19 603 392 kroner og låg dermed lågare enn Volda Maskin som la inn tilbod på 22 986 430 kroner.

- I utgangspunktet går jobben til entreprenøren som legg inn det lågaste tilbodet, men Statens vegvesen skal no kontrollrekne på tilboda og aktørane har klagefrist til slik at det vil ta nokre veker før kontrakten formelt vert tildelt, seier byggeleiar Andreas Bergby i Statens vegvesen.

Utbetringane i Garneskrysset omfattar mellom anna ei ny rundkøyring som skal avlaste trafikken, ny belysning som vil gje betre oversikt og auke trafikktryggleiken og eit nytt kollektivknutepunkt som vil gjere det enklare for dei som reiser kollektivt å bytte buss. Garneskrysset skal etter plana stå ferdig i september 2014.