Han er overraska over at Fjord1 og Norconsult ikkje har tatt signala dei fekk på dialogmøtet dei hadde med Hareid kommune, Statens vegvesen, Fylkeskommunen og Mørenett i mars i år. – På møtet vart det tydeleg formulert at dette er det ikkje politisk vilje for, fortel Riise.

Han meiner at dei snarast råd bør tenkje alternative løysingar, for han trur ikkje det blir fleirtal i formannskap for å gje løyve til å byggje to lange tekniske bygg (16 m og 23 m lange, over 4 m høge) på grasmatta mellom ferjekøa og strandpromenaden. Saka skal opp 16. 4.

– Dei har vald den billegaste og enklaste løysinga, utan å ta omsyn til trivsel i sentrum.

Batteriferjer frå nyttår

Frå 1. januar 2019 er det el-ferjer som skal trafikkere sambandet mellom Hareid og Sulesund.

Det er Fjord 1 som har vunne kontrakt for 12 år. Men før det kan setjast inn batteriferjer på sambandet, må det ein del installasjonar på plass på land. Mellom anna eit 12 meter høgt ladetårn.

Overfarten skal ta 23 minutt og lading av batteri er berekna til 6 minutt. Det er store mengder energi som skal om bord på kort tid (600 kWh). Dette er meir straum enn nettet kan gje, difor må dei også til med batteri og tekniske bygg. Der skal også fortøyingsautomat og auto pass.

Det som har skapt mest motstand er dei to tekniske bygga (batteribygga) Fjord 1 skal byggje. Ein del meiner at desse bygga vil øydeleggje både området og utsikta mot sjøen. Desse bygga er i betong, men etter dialogmøtet med kommunen og fleire, har Norconsult sendt Hareid kommune eit 51 sider langt skriv med tilleggsopplysningar. Der skriv dei mellom anna at dei vil kle inn dei tekniske bygga i mørk tre, med svarte beslag. Bygga vil få saltak med skifer. Tanken er at dette vil gjere bygga mindre synlege.

Opphavleg hadde Fjord 1 tenkt ha å eitt 50 meter langt bygg, men no deler dei det opp i to bygg og komprimerer det til å bli 39 m til saman, for at det skal bli mindre dominerande, og det blir betre utsyn til sjøen.

Dei har også vurdert andre plasseringar av dei tekniske bygga, men kjem til at graset mellom ferjekøa og strandpromenaden er den beste. Det er fylkeskommunal eigedom og området er regulert til offentleg trafikkområde. Fjord1 argumenterer med at dei tekniske bygga er ein del av infrastrukturen til ferja og sambandet. Vidare skriv dei at ingen kunne føresjå at det skulle bli aktuelt med batteriferjer og dermed bli behov for tekniske bygg, ladetårn og fortøyingsautomat for å drifte sambandet då planen vart laga.

Fleire av funksjonane som skal inn i dei tekniske bygga må vere over land, så om dei grev ned eit teknisk bygg, må dei likevel ha eit bygg over land.

Å ha bygget på flytande element i sjøen er uheldig på grunn av ein del kablar og leidningar. Då er det meir aktuelt med ei fylling i sjøen. Dette vil ta noko av utsikta mot sjøen for dei som nyttar sitjegruppa og strandpromenaden. Og tiltaket blir større.

– Tendensiøst

Ordføraren reagerer på at Norconsult nyttar eit foto frå ein gong eine ferja var ute av drift og det var trafikk-kaos nede på ferjekaia for å illustrere korleis dei tekniske bygga vil forsvinne i tungtrafikken. Dette er ikkje normalen for ferjekaia i Hareid.

– Folk bruker dette området særleg på kveldstid og helger, og då står det ikkje vogntog der, slår Riise fast.

Tomt: Det står ikkje store vogntog på ferjekaia heile tida. Medan vogtoga reiser vidare, blir dei eventuelle tekniske bygga ståande permanente. Foto: Privat Foto: Anders Riise
Forsvinn: Norconsult meiner at batteribygga nærast vil forsvinne i all tungtrafikken på kaia. Anders Riise seier at dette biletet er lite representativt for korleis der er på kaia. Illustrasjon: Norconsult Foto: Norconsult