Prosjekteringsgruppa har ikkje fått betalt sidan 2016 for arbeid dei har hatt på Ulstein Arena. Får dei ikkje betalt for timelistene sine blir det rettssak.
Endringar i planane undervegs førte til ein del meirarbeid med prosjektering, melder prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena. Og når arbeidet vart større enn førespegla fører det til at dei skal ha betalt for fleire timar. Kor mange timar det skal vere snakk om har ikkje Vikebladet Vestposten fått innsyn i. Dei skal også ha hatt ein del meirarbeid med avvikshandtering overfor entreprenørane i prosjektet, «til ei grad som går utover det ei prosjekteringsgruppe normalt kan vente», skriv dei.
Foto: Ingvild Aursøy Måseide