I Myrane i nærleiken av Haddal skule er det planlagt eit nytt bustadfelt. Området er eit gammalt beitelandskap. Møre og Romsdal Fylkeskommune meiner difor området kan innehalde ikkje kjende kulturminne.

Fylkeskommunen vil difor ikkje gi fråsegn til reguleringsplanen for området før det er gjort ei arkeologisk registrering. Dei meiner ei slik registrering vil ta om lag ei og ei halv veke, medrekna feltarbeid og rapportskriving.

Dersom ein gjer arkeologiske funn i området, vil type og kvalitet vere avgjerande for korleis dei skal forvaltast.

Den arkeologiske registreringa vil ifølgje fylket koste om lag 60.000 kroner. Kostnader til maskiner og oppmåling kjem i tillegg. Det vanlege i slike saker er at utbyggaren må finansiere den arkeologiske utgravinga.

Fylket meiner elles at reguleringsplanen for Myrane er eit grundig og godt arbeid.