Ved ein glipp har Statens vegvesen sett opp eit skilt som seier «Del veien». Men innhaldet står dei for.
Nytt skilt: Mellom Strandkrysset og Hasundkrysset har det kome eit skilt for å minne syklistar og bilistar om å ta omsyn til kvarandre på vegen. Skiltet er på bokmål, men skulle ha vore på nynorsk i nynorskkommunen Ulstein. - Då står det eit nynorsskilt ein stad det skulle ha vore på bokmål, kommenterer Bård Aune i vegvesenet.