Bakgrunnen for at ein no føreslår å oppheve lova om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonslova), og å oppheve enkelte punkt i lova om odelsretten og åsetesretten (odelslova) som handlar om buplikt, er forklart i Landbruks- og matdepartementet sitt høyringsdokument.

Regjeringa har i den såkalla Sundvolden-plattforma lagt opp til vesentlege endringar når det gjeld reglane om fast eigedom. Den enkelte bonde skal bli gitt større råderett over eigen eigedom, blant anna ved at konsesjonslova og buplikta blir oppheva. Det er samstundes eit mål for regjeringa å gjennomføre forenklingar og å få bort mykje av landbruksbyråkratiet.

Konsesjonslova og buplikta

Konsesjonslova er grunngjeven med at einskilde erverv (noko ein har skaffa seg) kan vere i strid med samfunnet sine behov for bruk av eigedomen. Det kan vere framtidige generasjonar sine behov, landbruksnæringa, behov for utbyggingsareal, miljø, naturvern- og friluftslivsinteresser, samt omsyn til busetjing. Hovudregelen i konsesjonslova er at fast eigedom ikkje kan ervervast utan konsesjon. Imidlertid er det mange unntak frå denne regelen. Til dømes har nær slekt og odelsberettiga fritak frå konsesjonsplikta. Buplikta heng tett saman med konsesjonsregelverket. Det er vanleg at konsesjon for erverv blir gitt på vilkår av at den nye eigaren buset seg på eigedomen innan eitt år, og deretter blir buande i fem år. Denne lova og dette punktet er det regjeringa no vil oppheve.

Fylkesrådmannen vil ikkje oppheve

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik går i sitt forslag til vedtak, ut til fylkesutvalet og regional- og næringsutvalet, og oppmodar om å ikkje fylgje regjeringa på kursen dei har sett. Han argumenterer mellom anna med at det å ikkje eige jorda, men å disponere den på korte leigekontraktar, fører til dårlegare vedlikehald og dermed lågare produktivitet på areala.

- Ei forsterking av den trenden vil gjere det vanskeleg å auke matproduksjonen i Norge, seier Guttelvik i samråd med Bergljot Landstad, regional- og næringssjef i Fylket.

I konsesjonslova har styresmaktene heimel til å sikre at jordbruksareal kan bli seld som tilleggsjord til aktive matprodusentar, i staden for som fritidseigedom. Det er eit verkty som styrkar bonden sin eigedomsrett over eige produksjonsgrunnlag.

- Det vert borte dersom konsesjonslova forsvinn, meiner Guttelvik og legg til:

- Bortfall av konsesjons- og bupliktregelverket kan føre til prispress og at mange landbrukseigedomar blir omgjort til fritidseigedomar. Det kan fortrenge dei som vil bruke jorda til matproduksjon, og true fast busetjing i bygdene.