I desse dagar har ei gruppe engasjerte kunstnarar oppretta NFUK Nordvest, ei regional avdeling av NFUK (Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere). Dei arbeider no for å gjere foreninga kjent for andre som driv med kunst i området, med håp om at fleire då vil søke opptak i i foreninga, heiter det i ei pressemelding dei har sendt ut.

- Kvalitet viktigare enn utdanning

Mange kunstnarar manglar den formelle utdanninga som  er kravd for å kunne bli medlem i ei av dei tradisjonelle kunstnarorganisasjonane. I Norge er medlemskap i ei slik forening vanligvis ei forutsetning for å få stille ut i offentlige og private galleri.

NFUK vart oppretta for å ivareta behova for utøvarar av visuell kunst, der kvaliteten på det kunstneriske arbeidet er viktigare enn formell, teoretisk skulering.

Opptak skjer gjennom juryering, der juryen består av representantar blant anna frå  Norske Billedkunstnere. Kravet til kunstnerisk kvalitet ligg på omlag same nivå som til dømes landsdelsutstillingane (Vestlandsutstillinga).

NFUK arrangerer utstillingar og tilbyr eit fagleg nettverk for kunstnarar. Eitt av måla deira er å skape ein arena der medlemmene får mulighet til å strekke seg etter høgare kunstneriske mål.

Regionale underavdelingar

Som eit ledd i arbeidet med å auke medlemstal og kompetanse i foreninga, ynskjer NFUK å opprette regionale underavdelingar. Dette vil gi ei større nærhet til medlemene, og lette det praktiske arbeidet med juryeringar og utstillingar.

Dei fleste kunstnarane som no danner avdelinga NFUK Nordvest har base på Sunnmøre, men medlemmer i Sogn og Fjordane vil også høyre inn under denne regionen. Her vil medlemmer få tilbod om kurs og foredrag, regionsutstillingar m.m i tillegg til dei sentrale tilboda til NFUK.