Frå torsdag ettermiddag og fram til ettermiddagen fredag, er det venta store nedbørsmengder både i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane. I følgje meteorologane sine prognosar på Yr.no kan vi vente oss opptil 100 millimeter nedbør i løpet av det komande døgnet. Det er natt til fredag at nedbørsmengdene vert størst. I tillegg fører mildver til auka mengde smeltevatn i elvar og bekkar.

NVE har sendt ut flaumvarsel for begge fylka. Varselet er førebels berre på gult nivå, det vil seie at ein kan vente seg særleg stor vasstand i høve til kva som er normalt for årstida. Gult nivå inneber også at det kan oppstå flaum lokalt og erosjonsskader grunna raskt akuande vassføring i bekkar og småelvar.