Oppglødde etter å ha vunne fjerdedivisjon i NM i janitsjar, møtte musikantane i ULF opp til øving måndagskvelden. Etter å ha terpa mykje på stykket dei framførte under NM var det godt å byrje å øve inn marsjar til 17. mai, meinte dirigent Thomas Swatland. Han hadde sove godt etter helga og takka for at han hadde fått tilbakemelding på å ha gjort ein over gjennomsnittleg debut som dirigent i NM
For å feire det flotte resultatet frå helga hadde dei ei stor marsipankake. Dirigenten starta øvinga med å seie at dei skulle ta kakeetinga i ein utvida pause. – Det blir ti minutt det då, no som me har rykka opp til tredjedivisjon, spøkte ein musikant.