Vi har sidan januar delt ut eitt krus i månaden til ein heldig vinnar. Det betyr at vi så langt i 2013 har hatt åtte månader med flotte bilete frå nært og fjernt. No opnar vi lesarfotokonkurransen for september, med plass til endå fleire flotte motiv.

I tradisjonen tru ønskjer vi ditt beste bilete tilsendt vår konkurranseadresse: lesarfoto@vikebladet.no. Der må du hugse å skrive namnet på fotografen og kvar biletet er teke.

Vi legg ditt bilete ut i ein biletserie straks sjansen byr seg.

Kan bli strekt - endra ljos

Vi har tidlegare fått førespurnadar om vi strekkjer eller endrar ljos på bileta som kjem inn. Det gjer vi ikkje.

Diverre er motoren for opplasting av bilete til nettavisa konstruert slik at mindre uønska endringar kan skje. Vi jobbar manuelt mot dette for å halde ditt bilete i faktisk stand. Det er vi svært opptekne av. Ta gjerne kontakt om du føler biletet ditt har endra seg, slik at vi får høve til å rette opp i dette.