Idag tysdag 13. august var første arbeidsdag som ny sokneprest i Hareid sokn forRuth Eva Sollie.
Sollie, somer fødd og oppvaksen i Japan/Kristiansand, vart tilsett som sokneprest i Hareidpå vårparten.
”Mange har gledd seg til den dagen då ho kunne flytte til bygdaog ta til i prestetenesta. Ho måtte berre fullføre utdanninga først. Det betyrat dette også er første arbeidsstad som sokneprest i fast stilling”, skrivHareid kyrkje på nettsida si.
Ruth EvaSollie har også valt å legge ordinasjonen sin til Hareid kyrkje. Ordinasjonsgudstenestaer lagt til ettermiddagstid søndag 25. august.
Ruth Eva harmed seg ektemann gjennom dei to siste åra, Kristian Myklebust, som også ertilsett i presteteneste her i distriktet. Han skal ha ei stilling der han erdelvis i Hareid som ungdomsprest gjennom KFUK/M og delvis iHerøy/Ulstein/Hareid som prostiprest, med størst vekt på Ulstein.
Kristian erelles ørsting – og kjem dermed nærare familien sin der inne.
Begge vilha kontorplass på Hareid kyrkjekontor, men Kristian vert også å treffe påUlstein sokn sitt kontor.
Presteparethar fått seg husvære i Flotenbygget i Kjøpmannsgata, medan dei ventar på at dennye prestebustaden på Pålhaugen blir bygd.
Dei to glerseg til å bli kjende med folk og bygda og å gjere ”vanlege presteting”. Dei glerseg også til å gå i fjellet.
Medan Ruth Eva kan tenke seg å vurdere å synge ikor etter kvart, meiner Kristian at fotball kunne vere meir interessant.
”Begge er islutten av 20 åra, så draumen dei ber på for arbeidet samsvarar klart med det; ågjere noko for unge vaksnegruppa, 25-50 år”, heiter det i meldinga frå Hareid sokn.