I alle fall eitt av svara. Han har nemleg sendt inn nokre trebitar frå myra ved Lisjevatnet til NTNU Vitenskapsmuseet Nasjonallaboratoriet for 14-C-datering i Trondheim. Og svaret som Kristin Fosnæs har sendt derifrå er at treet er ca 6.500 år gamalt.

– Planen er å plassere røtene i ein monter saman med ein tekst på ei A4-plate på ei steinhelle attmed vassverket. Det skal skje ganske snart, fortel Wiik.

På plata skal stå ein del opplysningar, bl. a. at karbonanalysen viser at røtene er frå tidsromet 4505-4437 før Kristus, d.v.s. at dei er 6.500 år gamle og frå slutten av eldre steinalder, som er frå 8000 til 5000 år før no.

Den gongen låg skoggrensa ca 200 meter høgare enn i dag og havet låg frå 30 til 100 meter høgare alt etter kor nedtrykt landet var av isen.

– Dette var også ei tid med høgare temperaturar, seier  Wiik og rundar av med å opplyse at tiltaket ikkje er eit inspel i klimadebatten.

Prøvene er tekne ca 330 meter over havet.

Odd Kåre Wiik ved teknisk avdeling i Ulstein kommune har fått vite at tyrirota er 6500 år gammal. (Arkivfoto).