Dokumentarfilm med Espen Brandal i hovudrolla:

Filmen er laga av Trude Berge Ottersen og Gry Elisabeth Mortensen i Koko-film. Begge var til stades under premieren på Sjøborg kino tysdag. Det same var hovudrolleinnehavar Espen Brandal frå Brandal. Han er femte generasjon ishavsfangstmann, og i filmen får vi blant mykje anna sjå Espen i det han pakkar sekken heime i stova i Brandal, og mora Britt Janne som protesterer på at han vil ha med seg ei gammal og holete ullunderbukse etter oldefar Peter S. Brandal i skipssekken.

Filmen hadde førpremiere i Ulsteinvik søndag, i full kinosal, 117 publikummarar. Tysdag var det 121 publikummarar i salen, og ekstrastolar måtte til.

– Neste framsyning blir i dag (torsdag) både på dag- og kveldstid. Deretter går han på søndag og fleire gonger i neste veke. Hareid kommune har spurt om ei dagframsyning i neste veke, slik at folk på sjukeheimen kan få sjå han. Og vi håper skulane også vil kome for å sjå «Ishavsblod» seier kinosjef Kristine Brungot ved Sjøborg.

Terningkast 5

«Ishavsblod» fekk tidlegare i år «Publikumsprisen» under dokumentarfilmfestivalen i Tromsø. Og mange aviser har gitt han terningkast 5.

Blant dei er NRK Filmpolitiet som synest filmen er engasjerande og gir fornya respekt og forståing for den tradisjonsrike selfangsten som no ser ut til å vere historie.

Cinema skriv om filmen at han har eit strålande karaktergalleri med alt frå erfarne sjømenn til nervøse rekruttar (skårungar), og med styrmann Espen som eit jovialt og karismatisk nav i forteljinga.

Andre filmmeldarar tek i bruk ord som «glimrande og opprørande», «forfriskande» og «strålande».

«Ishavsblod – den siste seljakta» hadde premiere rundt om i landet 17. mars. Regissør Trude Berge Ottersen opplyste etter framsyninga på Sjøborg at filmen hittil ikkje har hatt så gode publikumstal andre stader enn i Ulsteinvik og Tromsø.

– Men eg håper det vil ta seg opp. For både unge og eldre som har sett filmen har etterpå uttalt at dei synest han er god, la ho til.

For alle som er interesserte i ishavet, arktisk natur og ei god historie er «Ishavsblod» så avgjort ein film å tilrå.

Folka om bord i «Havsel» som skal til Vestisen for å fange sel er ikkje A-4-typar. Skipper Bjørne Kvernmo er ei stilstudie, og hovudrolleinnehavar Espen Brandal har ei utstråling så sjarmerande at det er ein fryd. Eit interessant, om enn noko beiskt krydder – er også historia til skårungen som blir med. Meir røper vi ikkje her –

Filmen har sekvensar med vakker natur, orkan, isbjørn som drep sel og fangstfolk som hoppar frå isflak til isflak.

Å vere fangstmann har aldri vore eit yrke for pyser.

Sjølvsagt får vi også sjå på når selen blir skoten – og når fangstfolka dryser hakapiken i skallen på dyret.

Berre ei skute i år

For 100 år sidan gjekk 200 skuter i isen for å fangste. I år er det truleg berre «Havsel» som går i Vesterisen om eit par veker. Om bord i skuta blir Espen Brandal og Christoffer Nesset frå Hareid.

Espen Brandal fekk etter kinoframsyninga spørsmålet om det er han som har tenkt å føre ishavstradisjonen vidare.

– Eg likar meg i alle fall svært godt på fangstfeltet, kunne godt ha vore der dobbelt så lenge som fangstturen vanlegvis varer. Og viss ikkje eg fører tradisjonen vidare, kven skal elles gjere det? spurte han.

Etter kinoframsyninga var det «Avseilarfest» ved Ishavsmuseet i Brandal. Det er 20 år sidan det siste gjekk ut ei skute frå Brandal, men styrar Webjørn Landmark opplyste at dei tok opp att tradisjonen med avseilarfest for sju år sidan, og at det kvar gong har gitt fullt hus. Tysdag serverte dei selkjøt til 80 personar, som også fekk lytte til filmskaparane og høyre på trekkspeltonane til Knut Selvåg.