Det var éin ting eg frykta meir enn noko anna då eg var lita. Sjølvsagt var eg redd for at det skulle bli krig, at eg skulle miste dei eg var glad eller at huset vårt skulle brenne ned. Men det var ikkje det som kunne halde meg vaken om natta.

Det eg frykta aller mest var at eg skulle bli allergisk mot kattar.

Eg kjende andre born som var plaga med sviande auge og rennande nase. Det gjekk an å vere allergisk mot både pollen, jordbær, grantre, skaldyr, nøtter, hundar, hestar. Og kattar.

Eg hadde ingen allergiar, heldigvis, men eg høyrde om både born og vaksne som brått slutta å tole noko og måtte halde seg vekk frå diverse matvarer og dyr. Og eg hadde venar som knapt kunne vere med meg heim. Då måtte katten halde seg ute i alle fall.

For sjølvsagt hadde vi katt i heimen. Den første kom i hus då eg berre var nokre dagar gamal. Ho fekk namnet Siri og kom heilt frå Grytastranda. Då eg var seks år forsvann ho og vi måtte få tak i ein ny katt.

Det blei ei ny Siri. Henne henta vi med ein femten stor plastbåt frå andre sida av Voldsfjorden. Siri var loden og hadde truleg mykje skogkatt i seg. Eg var djupt forelska i den vesle kattungen allereie før vi starta på heimturen over fjorden. Ho var svart, kvit og brun, og då vi kom heim, oppdaga vi at ho faktisk matcha sofaen i stova (dette var på 70-talet..).

Det første døgnet slost den tre år eldre broren min og eg om kattungen. Vi kappast om å halde og klappe henne og å gå rundt i det heller grisne nabolaget for å vise henne fram. Heldigvis for meg mista han fort interessa og dermed vart det Siri og eg.

Eg visste det ikkje då, men det skulle vise seg å vere starten på eit fjorten år langt venskap.

Då hausten kom var eg den einaste ungen i nabolaget som ikkje gjekk på skule. Det verka uendeleg lenge å måtte vente eit heilt år til eg fylte sju og kunne starte i første klasse.

I vaksen alder har eg forstått at det var dette året eg verkeleg fekk utvikla skapartrongen min. For medan dei andre borna var på skule, fann eg stadig noko nytt å fylle dagane med. Dei aller fleste innfalla involverte Siri, som i løpet av året vaks til ein stor og vakker katt. Ho var ustyrt med eit endelaust tolmod og fann seg både i å bli påkledd, å bli trilla i dokkevogn og å opptre på sirkuset mitt. Nokre gongar pynta eg den lange pelsen hennar med hårstrikk, andre gongar rak vi berre langs vegen og plukka blomster.

Om natta låg ho ved fotenden min. Og det var då tankane om katteallergi stundom kunne dukke opp. Eg var heilt klar: viss nokon i familien skulle bli allergiske mot katt, skulle Siri og eg flytte ut. Eit anna alternativ var sjølvsagt å gje vekk den allergiske til ei anna familie. Men kva viss eg skulle få slik allergi, kva skulle eg gjere då? Å gje vekk eller i verste fall avlive Siri, var totalt uaktuelt. At eg flytta ut, kunne vere eit alternativ, sjølvsagt, men absolutt ikkje beste løysinga. Nei, løysinga måtte vere at eg berre måtte leve med den eventuelle allergien. Det vart svaret eg kom fram til kvar gong eg låg vaken og tenkte.

Eg fekk aldri allergi. Eg var utrøysteleg då Siri døydde, eg var tjue, ho vart fjorten. Seinare har eg alltid hatt katt.

Og framleis hender det at eg kjenner på ei frykt for å få katteallergi.

Katten Siri levde i fjorten år. Foto: Privat